The Chester Pie Man

I guideboka vår om Lincoln Highway har dei skrive om Gene Amos som kvar torsdag kveld bakar pai som han sel i butikken sin morgonen etter. Eg vart så glad då eg såg at vi skulle køyre forbi der fredag morgon! Men tenk om han var død, nedlagt eller utsolgt!

image

Like etter at vi hadde passert verdas største teapot fann vi Gene’s treasure chest. Og der inne sat han!

image

From Norway? Oh, wow, I have never met nobody from Norway before. If you find anything you like in my shop, you can have it for free!

image

Dessverre hadde The Chester Pie Man, som no er 78 år, slutta å lage pai, og brukar heller fritida på den nye kjærasten sin. (Too smart to get married!) Eg tusla innover butikken langs hyller med bøker, vinylplater og støvete, gamle syltetøyglas med skruar i, og inst inne var det så tettpakka at lyset ikkje slapp til, og der fann eg brettspelet “Around the world with Backstreet Boys”. Men det kunne eg jo ikkje akkurat ta med meg heim, så eg plukka heller noko med meg frå kassa med gamle bilskilt. Vi er jo på bilferie.

Og så signerte han boka vår.

image

Leave a Reply