Veldig hyggelig

Du veit korleis dei alltid seier “Damer og herrer, velkommen ombord denne flyvningen”? Ikkje når eg (og Mette-Marit) flyr til New York. I dag gjekk det i “Deres kongelige høyhet, damer og herrer” kvar gong det var noko. Heilt til piloten, på ei heller bondsk austlandsdialekt, ønska godtfolket velkommen til New York og ba oss om å bli sitjande medan vi venta på at ein traktor skulle komme og taue oss. Tungt å innrømme det, men det er nok meir min stil, sjølv om det er noko kongeleg over pakkinga vår. Vi klarte å få plass til tre personar, seks koffertar, to ryggsekkar, ein bag og to bæreposar i bilen. Men ingen kartbøker.

No er eg på plass på hotellet, her er det amerikansk føremiddagstv på alle kanalar. Første observasjon av amerikansk kultur er programmet “I was a wild teen.. are you the father of my two kids?” der kameraet følgjer etter den som vart mest overraska/sint/skuffa over dna-testen og stormar ut av studio. Det kan bli ein interessant månad, dette her.

Leave a Reply